Eg Ser

Tradução


Eidsvag Bjorn

Compositor: Não Disponível

Eg ser at du er trøtt
Men eg kan ikkje gå
Alle skritta for deg
Du må gå de sjøl
Men eg ve gå de med deg
Eg ve gå de med deg

Eg ser du har det vondt
Men eg kan ikkje grina alle
Tårene for deg
Du må grina de sjøl
Men eg ve grina med deg
Eg ve grina med deg

Eg ser du vil gi opp
Men eg kan ikkje leva
Livet for deg
Du må leva det sjøl
Men eg ve leva med deg
Eg ve leva med deg

Eg ser at du er redd
Men eg kan ikkje gå i døden for deg
Du må smaka han sjøl
Men eg gjør død til liv for deg
Eg gjør død til liv for deg
Eg har gjort død til liv for deg
Eg har gjort død til liv for deg

©2003- 2024 lyrics.com.br · Aviso Legal · Política de Privacidade · Fale Conosco desenvolvido por Studio Sol Comunicação Digital